. . . når songen vil ut – slepp eg han laus . . .

Eg har alltid bore songen og forteljingane med meg.

Frå eg sat på krakken hjå bestemor og lærde mine fyrste folketonar, til eg seinare fann min eigen veg mellom kveding og klassisk song – har eg vore driven av ei gleda over å dela sogene som lever i musikken.

For meg handlar folkesong om menneske: om levde liv; om mot, om arbeid og lengt. Om dei som stod ved fjorden og såg utover, eller stod i ei ny verd og såg heimover. Når eg syng og fortel, kjenner eg at eg får vera ei bru mellom desse røystene og dei som lyttar i dag.

Det er dette som gjer arbeidet mitt til eit livsverk – og ei gåva.

-Reidun

Diskografi