Reidun Horvei er ein mangfaldig utøvar med ein fot i folkemusikken og ein i den klassiske songtradisjonen. Ho er sopran, kvedar og forteljar, og har i meir enn førti år vore ei tydeleg røyst i norsk musikkliv.

Gjennom song, spel og forteljing tek ho publikum med på reiser gjennom norsk historie og levde liv – frå stølar og bygder til byar og havkryssingar. Ho har lang erfaring frå konsertar nasjonalt og internasjonalt, ei rekkje plateutgjevingar, bokprosjekt og prisar, men viktigast av alt: eit sterkt engasjement for å halda kulturarven levande.

Kven er Reidun?

Reidun Horvei er ein erfaren og engasjert formidlar av norsk folkemusikk og forteljartradisjon. Ho vaks opp på Voss i ein musikalsk familie der piano, fiolin, gitar og song var ein naturleg del av kvardagen, og lærde folkesongar på tradisjonelt vis hjå bestemora.

Med utdanning frå Bergen Musikkonservatorium og mange år på turné med Rikskonsertane, har ho utvikla eit uttrykk som kombinerer klassisk songkunst med folkesongtradisjonen. Sidan 1992 har ho vore fylkesmusikar i Hordaland/Vestland. Med base mellom anna ved Hardanger folkemuseum på Utne, leia ho produksjonar, samla inn folketonar og bygde bru mellom arkiv og scene.

I dei seinare åra har Reidun stått midt i ei rik utvikling der folkesong, historie og tverrkunstnarleg skaparglede har fått stadig større rom. Ho har vore ei sentral drivkraft i prosjekt som lyfter fram kulturarv i Hardanger i nye former – både på heimebane og internasjonalt.

Felles for desse produksjonane er Reidun sitt sterke engasjement for å gje tradisgjonsmaterialet nytt liv – gjennom samarbeid, nyskaping og ei kunstnarleg røyst som lyfter både historie og tonar inn i vår eiga samtid.

Kunstnerskap

Djupe røter i tradisjon

Grenselaus songglede

Erfaren utøvar

Formidlar og brubyggjar

Truskap til kulturarven

Visjon

Visjonen min er å halda den norske folkesongen levande som ein del av livet her og no – ikkje som noko som berre høyrer fortida til. Eg ynskjer å lyfta fram songar og soger som nesten har stilna, og gje dei nytt liv på scena, i skulekvardagen og i møtet med nye generasjonar.

For meg er songskatten ein kulturell stafettpinne som har gått frå stemme til stemme gjennom hundrevis av år. Når eg formidlar desse songane – særleg dei som speglar kvardagsliv, arbeid, kjærleik og sorg – vil eg minna oss om kvar me kjem frå, og kva me ber med oss vidare.

Slik freistar eg å vera ein brubyggjar mellom fortid og notid, mellom små bygdesamfunn og verda der ute, og mellom dei som ein gong song og dei som i dag lyttar, lærer og syng med.

Opphavsrett © 2025 | Reidun Horvei